top of page
Asset 3_2x.png
Harepusløypa

Anmeldelse av Knut Buen:

Ei gripande diktsamling av Odd Jan Sandsdalen.

Skodespelaren og diktaren Odd Jan Sandsdalen blei fødd i Seljord 1944. Foreldra var Ingebjørg Kasin Sandsdalen og Halvor Sandsdalen, som båe var anerkjende forfatterar av prosa og lyrikk gjennom mange tiår. Odd Jan har også andre i slekta som skreiv visur og dikt. Han vaks opp i bygdemiljøet i Seljord, men, lik trekkfuglar si mangfelde heimkjensle på jorda, har Odd Jan, eller Odi som han blir dagleg nemnd, vore ein omflakkande vandrar i ulike miljø og land, og no fastbuande i Thailand. Han har mange ulike publikasjonar bak seg gjennom åra, har verka som skodespelar og redaktør, men har aldri lagt skjul på at livet har bjode på vanskar og skiftande lagnader til tider. Men slikt blir det dikt av. Denne nyutkomne diktsamlinga byd på mykje minne og ytringar hjå ein tilårskomen teledøl i den store verda som lever med si barndomstru tilpassa buddhistisk heilskap.

Harepusløypa

kr 248,00Pris

    Alle produkter

    Asset 4_2x.png
    bottom of page